torsdag 4. desember 2008

Global oppvarming, skade for meir enn berre menneske

Dette er altså min nynorsk-tentamen 2008. Det er et kåseri om global oppvarming, og om isbjørnens rolle i dette. Kommenter gjerne! (Bare til opplysning; jeg er IKKE flink i nynorsk >__<)

Den globale oppvarminga er årsaka til mykje av dei miljøproblema vi har i dag. Det blir varmare, noko ikkje alle er så utruleg negative til, og havet stig, i tillegg til hol i ozonlaget, noko som gjer at me blir solbrente lettare viss me er på skitur ein fin vinterdag. Nemnte skitur blir mest sannsynleg ikkje så vellukka, sidan mesteparten av snøen kjem til å vera smelta vekk.
Nokre land lider av at havet stig, for eksempel Nederland. Dei ligg under havoverflata, så kva skal dei gjere viss dei vaknar ein morgon, ser ut av glaset og blir møtt av sjøen som akkurat i den augeblinken bestemmer seg for å vaske vekk heile sulamitten. Då er eg glad eg bur i Noreg, vi ligg ikkje så nærme havet at det er noko problem, men andre kan jo klage på at det er for mykje regn, ingen snø til jul også vidare.

Men den som verkeleg lider av global oppvarming, er isbjørnen. Isbjørnen er ein 2 til 3 meter lang bjørn, liten hale, kvit pels og små svarte auge som synes godt mot den snøkvite pelsen. Her driv han og luskar fram og tilbake på isen, på jakt etter mat. Plutseleg sprekk isen under han. Kva skal ein stakkar bjørn gjere da? Hoppe opp på eit forbiflytande isflak og satse på at han driv i land før han døyr av svolt? Eg ville ikkje kalla det gode framtidsutsikter akkurat. Kanskje for selen, for da slepp han å bli eten, men ikkje for bjørnen som må sitte heilt einsam på eit lite isflak som driv omkring på det store havet. Eller kanskje han berre leikar oppdagingsreisande, bjørnen Jimmy på nye eventyr? Eg tvilar på det. Det ligg ikkje i ein bjørn sin natur å dra på oppdagingsferd sånn heilt ut i det blå. Ikkje det at eg trur dei drar på ein etter å ha planlagt han heller.

Men tilbake til vår venn på isflaket. Viss han, mot all forventning, klarar å kome seg inn til land igjen, greier å slå klørne i ein stakkars sel og blir liggande å tygge fornøgd på han, kva skjer vidare? No ville vel dei fleste tenke at han skulle vere glad og fornøgd. Vel, han er vel det, men det er fordi han ikkje er klar over at den selen han et, er proppa med farlege gassar. Vi menneske slipp ut ein heil del skadelege klimagassar som forskarar, du veit dei kvitkledde, nærmast allvitande folka, har funne ut blir lagra i kroppen til sel og andre dyr som isbjørnen et. Desse gassane er ikkje farlege i små mengder, men når dei hopar seg opp i ein stakkars sel, som ikkje er klar over at han snart blir eten av ein isbjørn, kan dei gjere relativt mykje meir skade. Tenk på alle dei gassane som ender opp i isbjørnen til slutt! Det er ikkje ein irrelevant sak å bry seg med. Det er ein årsak til alle demonstrasjonane frå sinte miljøforkjemparar. Miljøet vårt blir konstant skada av alle dei tinga vi finn det for godt å pøse ut i naturen.

No kan man kanskje spørje seg sjølv om kvifor dette ikkje har blitt gjort noko med. Saken er at det blir gjort noko med det, det er berre vanskeleg å fikse på tidligare feil. Dei gassane som skadar isbjørnen er no ulovlege, men sidan det blir lagra i levande organismar, tar det lang tid før dei er ute av næringskjeda.
Det er òg blitt sat opp kvotar på kor mange isbjørn man har lov til å skyte i året. Problemet er berre det at desse kvotane lett blir brotne av skyteglade folk som gjerne kunne tenkje seg ein fin og varm isbjørnpels framfor peisen. Man kan jo byrje å spørje seg sjølv kva som er vitsen med sånne kvotar når folk berre bryt dei heile tida!

Forresten, har du tenkt over at den fleece-jakka du går med, inneheld dei giftstoffa som er med på å skade bjørnen? Trur ikkje det, ellers hadde du nok ikkje gått med han. Når ein tenkjer seg om, er det jo like greit å gå i ein ullgenser. Han er jo like varm. Men han klør jo fælt. Trur nok dei fleste vil føretrekkje ein varm, ikkje-stikkande fleece-genser enn ein varm, stikkande ullgenser.

Det fins faktisk ein avtale, Kyoto-avtalen, som skal sikre at utslepp av klimagassar skal minkast i diverse industri-land. Noreg er ein del av den avtalen. Eg veit ikkje om han virkar, eg er ikkje klimaforskar, men eg håper og trur at folk har vit nok til å ikkje bryta ein sånn avtale når ein først har gått med på han. Overraskande nok ville ikkje USA vere med på avtalen, dei meinte at "det ville vere skadeleg for Amerikansk næringsliv." Som om næringslivet deira er viktigare enn at noken Nederlendarar blir overfløymde i næraste framtid.

Det seinaste man har hørt no, er at dei reduksjonane Kyoto-avtala har gjort, er for små. No driv dei å lagar ei ny avtale. Han skal vere med på å verne regnskogen, overføring av teknologi til utviklingslanda, og gje kompensasjonar til land som er hardt ramma av klimaendringar. No er det vel berre å vente og sjå om denne nye avtala virkar, eller om miljøet fortsettar å bli forpesta og ozonlaget får tilført nye hull. Eg håper han gjer nytte for seg, om ikkje anna, så for isbjørnen si skuld.

Ingen kommentarer: